Overordna: unngå konflikt mellom areal og trong for fornybar energi.

Jordvern handler i hovedsak om hvordan vi disponerer våre arealer, fra
matproduksjon til det store mangfoldet av jordfunksjoner og jordsmonnets
økosystemtjenester. Naturens mangfold er en del av jordas fellesressurs
som kan bevares både gjennom vern av områder og arter og ved
bærekraftig bruk.  Aldri før har matberedskap og selvforsyning vært
mer viktig, endrete klimatiske forhold forårsaker store tap og
ødeleggelser av natur, fremtidens energibehov og nedbygging truer våre
arealer. Summen setter jordvern på agendaen, da vi ser et økende
arealpress i dagens samfunnsutvikling.
(Sitat frå Landbruksdirektoratets digitale kunnskapskonferanse 9.mars) 

Straumdemonstrasjon 16.mars 2023, appell

Eg lærte tidleg at straum var noko ein ikkje skulle sløsa med, at det var ein begrensa ressurs,
og vëravhengig.
Det var fordi faren min jobba på e-verket i Trondheim. Fyllingsgraden i magasinan
var vanleg innslag i samtalane heime hos oss, særleg viss det var sommar med lite nedbør og mykje
varme, då snakka far min om tørrår og fare for kraftmangel.

På veggen over kjøkenbordet vårt hang straummålaren med ei raud pil som markerte grensa for overforbruk.
Hamna straumforbruket over den pila, vart det dyr straum. Skulle vi bruka mykje straum på eitt område i
heimen skrudde me ned på eit anna. På nattestid vart alle lys slukka og innetemperaturen seinka. Slik heldt
vi kontroll på straumrekningane og var medvetne straumbrukarar på 60 og 70-talet.

Situasjonen no er skyhøge straumprisar for folk flest, heilt utanfor einkvar kontroll verkar det som.
Arbeidsplassar i privat sektor som er avhengige av rimeleg straum for å driva lønsamt er truga,
det offentlege tenestetilbodet og kulturinstitusjonane lir under høge straumprisar og heile
velferdsstaten knakar i samanføyningane. Det snakkast om kraftmangel, men ikke først og fremst
på grunn av tørrår.

No er det storstilt elektrifisering av samfunnet, særleg innanfor transport,
det er utanlandskablar og Acer (som medfører svekka råderett over eigen straumproduksjon)
som gir høge straumprisar og fare for straummangel.

Leiande krefter peikar på at einaste farbare veg ut or situasjonen er å byggja ut meir fornybar energi. I Adresseavisa  tysdag 14.mars seier Åslaug Haga, leiar for interesseorganisasjonen Fornybar Norge, at ho vil ha meir vindkraftutbygging. Ho slår og fast at me hadde hatt tre gongar så høg straumpris i Trøndelag utan vindkrafta frå Fosen.  Matproduksjonen og kulturen til urfolket i landet vårt vert med slike utsegner sett opp mot dei høge straumprisane folk flest må betala. Dette er kynisk retorikk, splitt og hersk!

Det starta med energilova i 1990. Den hadde for så vidt gode intensjonar, men førte til at straum vart ei vare og at me fekk ein kraftmarknad. Nissane som følgte med heitte liberalisering, marknadsstyring og grådigheit. Det vart mogleg å tena pengar på straumen, store pengar. Overforbruksmålaren forsvann, og vi kunne bruka straumen utan tanke på at han vart dyrare viss vi brukte mykje.

Seinare har vi sagt frå oss stadig meir nasjonal kontroll med den elektrisk kraftproduksjonen ved å gje EU eit overherredøme via Acer i 2018. Vi har og etablert 17 overføringskablar til utlandet som legg til rette for import og eksport. Det betyr sal av straum i enda større målestokk og meir pengar å tena for straumaktørane. Mange ser for seg at Noreg skal vera eit slags grønt batteri for Europa.

Vindkraftkonflikten på Fosen synleggjer den alvorlege motsetnaden mellom arealbruk og behovet for å byggja ut for meir straumproduksjon, anten det no er vindturbinar, solcelleanlegg, kjernekraft eller meir vasskraft. Alt dette krev landareal. Høge straumprisar og klima blir brukt som argument. Må vi verkeleg velja mellom elektrisk energi eller areal til matproduksjon og naturmangfald?

Nei, meiner eg. Start med å sjå på kva vi eigentleg treng å bruka straumen til. Er det fornuftig energi- og arealbruk å byggja fleirfeltsvegar for at elbilane våre skal køyra i 110km/t i staden for 90? Treng me alle TV-seriane, automatiske reklamevideosnuttar, emojiane,  dataspela, evig skylagring, kryptovaluta, elsparkesyklar (med kort levetid), datasenter, elektrisk lys over alt, straumkrevjande hyttebyar ? Treng vi alt dette? Kor framtidsretta er det?

I vår iver etter meir fornybar energi vil me øydeleggja naturleg landskap i skog og fjell, myrer, beiteområde, dyrkamark og dyrkbar mark til fordel for kraftutbygging. Somme hevdar det er noko vi gjer for komande generasjonar, sanninga er at vi bidreg til å redusera livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss, vi øydelegg både klima, miljø og moglegheit for matproduksjon.

Eg etterlyser meir heilskapeleg og fornuftig energipolitikk, der ein viser forståelse for dei store samanhengane, og ikkje sitt med skylappar og tunellsyn og berre tenkjer smalspora på at me må byggja ut for meir straum for å få ned straumprisane. Det kjem ikkje til å fungera likevel!

Vi må krevja full nasjonal kontroll over straumen vår, straumprisane og over arealbruken vår. Vi må kvitta oss me alle desse unyttige aktørane som i marknadens namn tener seg søkkrike på VÅRRES straum. Vi vil ikkje ha investorar med pengane sine på Caymanøyane til å byggja vindturbinanlegg på VÅRRES areal. Vi skal ikkje ha EU som overkinkador i  VÅRRES energipolitikk. Vi skal samarbeid med Europa, men vi skal ha kontrollen sjølv, på kloke folkevalde hender!

Før me eventuelt sett i gang storstila kraftutbygging må vi oppgradera det vi allereie har av vasskraftverk og straumnett. Energiøkonimiske tiltak må prioriterast, til dømes etterisolering, solfangarar og solceller på hustak. Me må attende til den raude overforbrukspila og skilja mellom nøktern straumbruk og overforbruk.

Slik får vi kontroll over straumen vår og straumprisane.

Takk for meg!

Du vil kanskje også like...